Anmeldelse

Ragnarok 1 – Fenrisulven
Odin Helgheim
Egmont, 2020

Fenrisulven er første bok i ein planlagt serie, men det er ikkje ei bok som brukar mykje plass på å fortelje lesaren kven dei ulike personane er og kva verd dei lever i. Det kjem fram gjennom den større forteljinga. Boka står også ganske stødig både som byrjing på ei lengre historie og som frittståande bok, noko som ikkje er sjølvsagt, særleg ikkje frå ein debutant. 

Gjennom to oppslag plasserer Helgheim forteljinga inn i konteksten av den norrøne endetidsforteljinga, og gir med det vikinglandsbyen og den unge Ubbe eit bakteppe som vekker interesse og skaper spenning. Kontrasten mellom bildet av gudekrigen og menneska si verd, der Ubbe og mora jaktar på ein ein einsleg hare som kryssar ein aude sti er effektfull, og utnyttar godt Helgheims styrkar som teiknar. Herifrå gjer han også eit veldig godt arbeid med å introdusere karakterar og miljø. 

Vi får raskt etablert at det er to parallelle maktsystem i landsbyen, med Ubbe si mor som representant for verdsleg makt og Thyra si mor som den spirituelle leiaren. Historia etablerer raskt ei spenning mellom desse, og spenningar karakterane kjenner på om rollene dei er tildelt. Broren til Ubbe viser seg som landsbyens kjekkas og håpefulle eventyrar. Samtidig som det blir gjort klart at vi følgjer sentrale personar i dette samfunnet, blir det også med ein gong gjort klart at dette er ei brutal og urettferdig verd, der ting raskt kan endre seg.

Ragnarok Helgheim

Teft for tradisjon

Når ein stor ulv angrip landsbyen, snur også alt fort, i det som er nokre av dei best illustrerte delane av boka. Her får Helgheim fram mykje handling, og spesielt får ulven fram nokre av dei mest uttrykksfulle sidene ved streken hans. Markeringa av ulven som noko sjukt og annleis gjer også veldig mykje for å bygge stemninga i boka, og dramaturgien sit godt. 

Noko som bidrar til å løfte Fenrisulven, er den veldig fine balansen som finst her mellom det alvorstunge overnaturlege og det kvardagslege og humoristiske. I bakgrunnen er det barn som leikar og folk som snakkar saman om smått og stort. 

Innslag av overdrivne ansiktsuttrykk, slapstickinspirerte rørsler og fjas bidrar også til å gjere at forteljinga kjennes truverdig og heil. Det er skikkeleg morosamt til tider, slik dei norrøne forteljingane også er.

Ikkje ver så fin på det

For det meste flyt dialogen fint, og dei ulike karakterane kjennes som individ i språket, slik dei også gjer i måten dei er teikna. Det er likevel nokre stader der språket kjennes litt vel kronglete og lite passande for tida det er skrive inn i, som når Thyra utbryt “Gi deg, Ubbe! Aggressivitet er ikke hjelpsomt nå”. I desse delane kan vikingane oppleves litt vel pratesalige, og stå i fare for å snakke tungvint nok til at det hindrar flyten.

Det er også noko som knirkar i saumane når desse karakterane blir så overraska og er så lite kjente med mytene. Eit døme på det er når dei møter Loke i ramneham. Dette er jo eit folk som held seg med både sjaman og seidmann, og som stadig og med høgt alvor nemner gudar og Valhall. Det er jo ikkje rart at dei vert overraska, men det sår tvil om dei eigentleg trur. Her kunne det kanskje vore ei moglegheit til å fundere litt over religiøsitet i møte med prov på religionen, men det er ikkje utvikla spesielt godt.

Ragnarok Helgheim

Gode overblikk

Det er kanskje i overblikksbilda og bakgrunnane at Helgheim gjer sitt beste arbeid i denne boka. Karakterdesignet er fargerikt og kreativt, men meir konsistent kroppspråk og proporsjonar er nok der ein kan vente at det vil vere mest tydeleg utvikling når andre bok kjem ut. Nokre stader sit stilen heilt perfekt, andre stader er det teikn på at dette er frå ein teiknar tidleg i karrieren. Blikket er likevel veldig godt, og det aktive blikket og variasjonen i perspektiv, lyssetting og effektar gjer boka til ei god leseoppleving. 

Med Fenrisulven melder Odin Helgheim seg inn i gruppa av svært sterke norske debutantar dei siste åra. Det er lovande å sjå korleis internasjonale impulsar og forteljarglede har fått grobotn hos ein ny generasjon serieskaparar og ført til høgst lesverdige teikneseriar. 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.