Det var ein gong for lenge, lenge sidan, sånn omtrent nokre tiår sidan, at dei viktigaste verkemiddela i humor var parodi, bifigurar som forvirra snubla rundt og gjennom historia, og dramatisk ironi for pompøse og inkompetente karakterar si rekning. Det var ei god tid. Amerikanarane hadde Leslie Nielsen og Mel Brooks. Noreg hadde grodd fram KLM, og var på høgde med det beste frå utlandet. Ein konsekvens av dette kjem i 2015, med det første albumet om Fantastisk-Mann.

Ein ekte norsk superhelt!

Bård Lilleøien, fyren bak Nettseriers mest populære serie – «Sagaen om Dadaph Serraph« har lenge vore ein svært produktiv serieskapar. Førre album av den serien vart gitt ut på nytt forlag, og ÜberPress har no også plukka opp Fantastisk-Mann. Idé og manus kjem frå Frederik Jullum. Han har ei interesse for amerikanske teikneseriar frå 30- og 40-talet som er meir velutvikla enn amerikanske teikneseriar frå 30- og 40-talet.[infobox]

Ta den skurk og la den vandre, slå den eine med den andre. Skurken er skjult, du ser den ei, nettopp no slår Fantastisk-Mann deg.
Ta den skurk og la den vandre, slå den eine med den andre. Skurken er skjult, du ser den ei, nettopp no slår Fantastisk-Mann deg.

Ekstremsport

Pastisjane i dette heftet passar difor godt inn i ÜberPress-katalogen, Noregs hovudkvarter for sjangerleik. Dette heftet samlar historier som er teikna mellom 2008 og 2015. To av dei er ikkje gitt ut tidlegare. Her får ein skapingshistoria, der den ganske vanlege Leif Eriksson basehoppar frå Trollveggen, vert truffe av lynet, og får fantastiske krefter. Det er også her, i den første historia om “Verdens første norske superhelt”1, at han første gong gong ytrar orda “Jeg gjorde kun hva enhver nordmann ville gjort”.

I'M IN LÅÅÅÅÅÅÅÅV WIT A FAIRYTAIL!
I’M IN LÅÅÅÅÅÅÅÅV WIT A FAIRYTAIL!

Den norske modellen

I andre historier møter Fantastisk-Mann krigerske romvesen2, bankranarar, nazivampyrar, andre krigerske romvesen og den islamske staten. I djerv svart-kvitt handterer Fantastisk-Mann utfordringane på det norskaste vis. Stort sett er dei norske løysingane gode nok. Unnataket må vere det overraskande og mykje aparte avbrotet der forfattaren har skrive ei korthistorie om eit bankran. Kvifor denne ikkje er gjort som teikneserie er litt vanskeleg å forstå, og kvifor den er tatt med er vanskelegare å forstå. Den hadde kanskje fungert med Lilleøien sin sans for timing.

Medaljens fantastiske bakside.
Med fantastisk bakdel, følger fantastisk ansvar.

Mod

Jullums idé er tilstrekkeleg artig, men det er rom for oppstramming av manus. Lilleøien har tidlegare gjort mykje artige ting med meir eller mindre frivillig svake manus. Eitt døme er Soppen Sondre, som dei siste åra har blitt utvikla frå ein internvits på Nettserier til å verte ei rekke stilsikre einsidarar med noregs mest stabile sluttpoeng3. Med Avis Maritima Stulta4 har han latt dumme sjøfuglar parodiere det meste. Desse erfaringane kjem til sin rett også i Fantastisk-Mann, der positurane, synsvinklane og spøkane i bakgrunnen er vel så viktige som historiene. Om ein ikkje berre les seriar som prøvar seg på verkeleg meiningsfull og forpliktande dialog med samtida, men derimot kan like ein vits som er meir timing enn innhald, kan ein godt unne seg eit møte med Fantastisk-Mann. Og likar ein det, har forfattaren lova at det skal kome eit album nr. 2. Til då kan ein satse på at skrivetreninga  har ført til meir solide manus. Sjølv om det er ein morosam gag å gi ut tungt skraverte actionparodiar i svartkvitt på grovt papir, må det likevel vere lov å ønske seg at Lilleøien til neste gong også får boltre seg i fargar. Helst litt ekstreme superheltfargar. Med prikkar. Høyrer du meg, Are?

 


1 Dadaph, ”Verdens første norske superhelt!”, Nettserier: http://fantastiskmann.nettserier.no/blogg/verdens-forste-norske-superhelt (publisert 2. september 2015, nedlasta 19. oktober 2015)
2 Spoileralert 2: Denne historia var eg med på å gi ut i Norsk tegneserieforum sitt medlemsblad Bobla. Eg angrar ingenting.
3 Spoileralert 3: Eg har vore med å publisere desse i Bobla også. Send klage til nokon andre.
4 Spoileralert 4: 300 sider ligg på http://avis.nettserier.no/. Denne har eg ikkje hatt noko med å gjere.

EN KOMMENTAR

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.