Den nyaste samlinga frå ÜberPress tar for seg ein sjanger det ser ut til at mange av bidragsytarane ikkje heilt er komfortable med. Blant ein del heilt greie seriar med litt dårleg retningssans, finst det likevel nokre stjerneskot.

Det startar bra, med Über-redaktør Are Edvardsen si hylling til Jon Bing. Som opning på ein sci-fi-antologi utgive same år som den store fabelprosaisten gjekk frå oss, har redaktøren teikna eit passande og presist bilde, med Bing som ein godsleg planet med sterk gravitasjonskraft. Så mistar samlinga kursen litt. Ein del av serieskaparane burde spurt om vegen litt oftare.

Redaktør Are Edvardsen hyllar Jon Bing i forordet.
Redaktør Are Edvardsen sirklar i forordet rundt Jon Bing.

Kvifor er vi her?

Det verkar som ein del av bidragsytarane ikkje har like godt tak på sci-fi som dei hadde på western. Nokre har prøvd seg på noveller. Går ein i den retninga er det vanskeleg å ikkje trekke inn Isaac Asimov. Eit asimovsk prinsipp er å bruke ein deus ex machina for å sette historia i gang, for så å la den utfalde seg i ei stram, logisk forteljing. Tor C. Engdal prøvar seg på dette i Deus Expo, og set scena til ei teknologimesse i ei ikkje alt for fjern framtid. Denne tar i bruk ein fin og kjent premiss – ei fantastisk maskin gjer meir enn den er designa for – men det druknar i ein overtydeleg symbolikk og fargeval som sikkert fungerte betre på skjerm enn på papir. Teikningane er stilige, men meininga serieskaparen vil ha fram er smørt for tjukt på.

Drep meg, herre, men ikkje med overtydelege metaforar. Illustrasjon: Tor C. Engdal
Drep meg, herre, men ikkje med overtydelege metaforar.
Illustrasjon: Tor C. Engdal

[infobox]Ein annan som smører tjukt på er Åge H. Petterson, som i Hashtag ser ut til å ha henta alle figurane sine frå helsevesenet, før han lot dei bli forskarar og astronautar. Dei passar møysommeleg på å fortelje alt dei tenker og gjer, så ikkje lesaren skal kjenne seg utilpass. Det skaper samtidig eit inntrykk av at folka på romskipet ikkje heilt forstår kvifor dei andre er der. Men det ser veldig fint ut, i eit romlandskap med slektskap til Martin Ernstsens teikningar i Kodok’s run.

Stjernesjøen av Ellen Bergheim er ei pen, lita novelle, men når ein kjem fram til poenget er det noko av eit antiklimaks, fordi det ikkje bygger på det som kjem før. Serien har sterke visuelle kvalitetar, men nokon burde stilt spørsmålet “kvifor kom vi hit?”. I eitt parti teiknar Bergheim variasjonar over nokre tema gjennom fleire ruter, noko som i seg sjølv er veldig effektfullt. Vegen fram til slutten blir like fullt for uklar. Det er ingenting feil med å bygge ei historie på ordleik og bildespel, men ordspelet startar for seint til at det fungerer.

Groteske lyspunkt

Erlend Peder Kvam tar den heilt ut og litt til i Robofil. Fleire av Rygg og katt-stripene hans vart i si tid sensurert av Dagbladet. Det hadde dei nok gjort med denne også. Kvam har ein særeigen og velutvikla stil, og bygger spenninga stødig med utsnitt og layout. Han går såpass langt at historia blir vanskeleg å forholde seg til, men den viser også kvar fleire andre seriar i samlinga sviktar. Hadde alt vore like stramt oppbygd som denne, hadde det vore ein mykje betre antologi.

50 % mann, 50 % robot, 80 % gymlærar. Illustrasjon: Erlend Peder Kvam
50 % mann, 50 % robot, 60 % gymlærar.
Illustrasjon: Erlend Peder Kvam

Lars Schwed Nygård og Pål Henrik Roska let til å vere dei som er mest komfortable med sjangeren, i alle fall med dei meir groteske avartane. Den lystige tittelen Tallaksen i UFO-knipe står i sterk kontrast med dei delane av sci-fi-vokabularet Nygård og Roska tar i bruk. Det er ei visuelt drive og ubehageleg affære, som greier å formidle meir enn det som blir fortalt, i motsetnad til mange av dei andre seriane i Über-Sci-fi. Den ruskete streken har dessverre eit litt for digitalt uttrykk. Den er ikkje variert nok, og blir nokre stader uheldig grovkorna. Hadde den vore skalert ned noko i forkant av trykking, ville den kanskje blitt meir levande. Snømørker, eit dystopisk stykke av Johanne Eikå Bergill, har nokre av dei same dramaturgiske styrkane som Tallaksen, men slit også med noko av det same.

Mange drøymer om å flytte på bygda og leve eit roleg og uforstyrra liv, skjerma frå det moderne livet. Illustrasjon: Lars Schwed Nygård og Pål Henrik Roska
Mange drøymer om å flytte på bygda og leve eit roleg og uforstyrra liv, skjerma frå det moderne livet.
Illustrasjon: Lars Schwed Nygård og Pål Henrik Roska

Mindre poetisk, men like grotesk, er Johann Grimstvedts Geir Onimo – Oppfølgaren. I motsetnad til dei nett nemnte, er Geir Onimo ein figur som krev litt plass å boltre seg på. Universets hardaste mannebass rir igjen, i ein fullstendig fjasete spaceopera. I denne har Grimstvedt komprimert ei episk tragedie ned til nokre få sider, og ikkje overlatt noko til fantasien. Utanfor seg sjølv gir det ikkje meining på noko plan, men serien er så langt over toppen og så stappfull av visuelle og tekstlege gags at den er umogleg å ikkje elske. I motsetnad til Geir Onimos avkom.

Kjærleik i romoperaens tid. Illustrasjon: Johann Grimstvedt
Kjærleik i romoperaens tid.
Illustrasjon: Johann Grimstvedt

Gull og gråstein

Über-Sci-fi er ikkje ein dårleg antologi, men etter førre utgjeving i rekka var forventingane noko høgare enn det resultatet kan forsvare. Det beste er betre enn i ÜberWestern, men nivået var meir jamt høgt i den samlinga. I 2015 vil antologien ta for seg fantasy. Det er lov å håpe på at bidragsytarane har betre kontroll på den sjangeren. Fantasy har trass alt vore ein meir aktuell sjanger dei siste ti åra enn sci-fi, spesielt om ein tenker at sci-fi må vere noko meir enn berre at det foregår i rommet. Det må også vere lov å håpe at bidragsytarane ser litt til Ola Olsen Lysgaard sin Haugson, som forlaget gav ut tidlegare i vår. Den visste kvar den ville, og Lysgaard trengte ikkje eit einaste ord for å forklare kva som føregjekk.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.