Eit evig mirakel er dette: At ulike kunstformer har kvalitet på ulike måtar.

Kvalitetane til Spawn på eit kommersielt nivå kan ein ikkje klage på. No i desember kjem serien med sitt tohundreogfemtiande nummer. I og med at DC og Marvel har nullstilt nummereringa av dei fleste flaggskipa sine i håp om kortsiktige salgsboostar, er indie-serien Spawn brått ein av USAs lengstlevande titlar uansett kategori.

At Spawn er av dei få superheltane som er afroamerikanar er også eit pluss.

Likevel vart eg overraska då eg nyleg fann ut kor MYKJE Spawn eg hadde kjøpt i puberteten. Eg hugsa mi fanatiske jakt på “Vektere” og den gongen eg møtte sjølvaste Steffen Kverneland, men Spawn vart på eit tidspunkt litt for flaut, og det sjølv om eg generelt diggar å rote rundt i det oppskrytte skillet mellom “høgt” og “lavt”.
Det går sjølvsagt an å skilje mellom «høgt» og «lavt» i kunsten, men meir og meir fokus på at «alt er likeverdig» har gjort denne dynamikken mindre og mindre anspent, og dermed, diverre, mindre spennande.

Første Spawn. Illustrasjon: Todd McFarlane
Første Spawn. Illustrasjon: Todd McFarlane

Innanfor litteratur kan ein sjølvsagt seie at populær litteratur er mindre verd, og i svært mange tilfelle stemmer det. Markøren er ofte lesaren si grad av ubehag: Trash har enkle, forutsigbare problemstillingar som bekreftar lesaren sine fordommar heller enn å utfordre dei. Men nokre populærforfattarar er enkle og primale, men har likevel ein eller annan touch som skiljer dei frå røkla. Thrillerforfattaren Lee Child, som ingen skriv om, men som visstnok selger ei bok kvart tredje minutt, har sagt at han kunne skrivi tre samtidsromanar på den tida han brukar på å komponere ei einaste av sine hardkokte Jack Reacher-bøker. Då eg pinte meg gjennom kritikarfavoritten Jonathan Frantzen sin altfor treige familie-maktforskyvings-saga «Freedom» og deretter koste meg med Lee Child sin tøffing-thriller «Dollar», var det vrient å rekne Frantzen som “smartare” enn Child. (Eit robust motargument her er sjølvsagt at den “høge” litteraturen ikkje nødvendigvis er meir intelligent, den er først og fremst god i form av sitt ønske om å finne svar på andre ting, mindre lettvinte tema, enn “korleis skal Jack Reacher klare å ta han syyykt svære livvakten som beskyttar barnepornoimportøren”.)

Luke_Cage,_Hero_for_Hire_Vol_1_13
Luke Cage, første afroamerikanske superhelt med eget blad.

Makt og skam

Alt dette snikksnakket fører meg fram til ei guilty pleasure som eg framleis klarer å ha litt skam over, trass i at ein visstnok ikkje skal skamme seg over noko som helst: Amerikanske superheltseriar.
Det er heilt greitt å ha litt skam. For essensen av superheltseriar (og av Jack Reacher-romanar) er maktfantasiar. Tenk om eg hadde hatt makt. Då skulle ingen skada meg. Då skulle verda blitt rettferdig. Den første afroamerikanske superhelten med eige blad, Luke Cage, hadde ikkje som superkraft å fly, hoppe frå bygning til bygning eller vere milliardær, men å vere skotsikker. Draumen er ikkje å fly, men å kunne kjøpe agurk og bleier utan å verte skoten.

Farvel til ironien

Og det finst to måtar å kontre denne skamma på når det gjeld superheltseriar. Den eine er å gjere som Alan Moore: Møte maktfantasien med ein dose ironi. Vri på klisjéane. Dette var min favoritt-approach i mange år.
Men nyleg fann eg igjen bladkassene frå ungdomstida mi under ei opprydding i Ulsteinvik. Og brått innsåg eg at eg hadde ekstremt mange nummer av Spawn. Spawn har eigentleg ikkje så mykje ironi. For å oppsummere stemninga i serien, minner den meg om ei setning eg hang meg opp i som liten, frå forordet i ei blå Donald Duck-samlebok av Carl Barks: «Heltene er kanskje ikke entydig gode, men skurkene er entydig onde.»

Kjønnskategori-sprengande Spider-Man

Namnet Todd McFarlane skal uttalast “McFarlan”, ikkje “McFarleyn”. Det lærte eg for ei setning sidan. Han bygde seg opp eit namn på å teikne Spider-Man i anatomisk umoglege posisjonar. Eg er ikkje ueinig i at den tidlegare debatten om Milo Manara si spekulative vinkling av rompa til Spider-Woman set lys på viktige ting. Men om ein skal motargumentere kan ein trygt påstå at McFarlane ga Spider-Man eit heilt unikt og svært kjønnskategori-sprengande kroppsspråk mange tiår før Manara kom på banen.

Spidey tek imot debris frå ein eksplosjon. Med kuken.
Spidey tek imot debris frå ein eksplosjon. Med kuken. Illustrasjon: Todd McFarlane

McFarlane kombinerte sine middels gode anatomiferdigheter med ein langt over middels god teft på KVA SOM ER KULT. Flyten i sidene hans er suveren. Dei overdrivne, cartoony andletsuttrykka er fantastiske. Våpna, klistra ihop av duppedittar utan openbar funksjon, er ei nittitalsfryd å titte på. McFarlane har ei unik evne til å få ting som berre er der – som vevet til spider-man, eller kappa til Batman, til å få liv og sprudle rundt utan å bry seg om tyngdekrafta eller korleis kappa potensielt skal kunne fungere i eit univers som også har svingdører og rulletrapper. Og så tusjinga – i svartkvitt er McFarlane sine teikningar nesten berre ei grå masse, overlessa av unødige småstreker. Men med med farger får dei små strekane ein nevrotisk, deilig kjøtfull kvalitet, som var akkurat det same som gjorde meg så forelska i Joakim Pirinen på same tidspunkt.

Hulk 340
Illustrasjon: Todd McFarlane
1366205724
Illustrasjon: Joakim Pirinen Beppo

Spawn er ei multimillionbedrift, Pirinen er ein triveleg femtitreåring med kontor i Stockholm. Likevel kategoriserer eg altså Pirinen som “høgt” og Spawn som “lavt”. Denne kategoriseringa er kanskje mest for å belønne folk som Pirinen, i mangel på tilsvarande økonomisk kompensasjon.

Eit nytt forlag ser lyset

McFarlane vart superstjerne, og saman med eit par andre pengemaskiner frå dei to store superheltforlaga, Marvel og DC, braut han ut og stifta Image Comics. Første gong eg såg ein Image-serie, var eg i ein buss på veg heim etter landsfinalen i Ungdommens Kulturmønstring. Ein animatør frå Volda hadde med Ripclaw eller Wetworks eller noko slikt. Eg var forferda. «Er det lov å berre lage sine eigne superheltar sånn?» sa eg. Min spydige sidemann, sikkert ein dokumentarist, dokumentaristar skal alltid vere sånn ekkelt konfronterande, svarte «Nei, du må ha superhelt-lisens. Duh.»

I og med at gymnastikkjenta sat like ved og eg ikkje ville tape andlet, vart eg såpass gretten at eg måtte vippe capsen av dokumentaristen akkurat då han skulle forlate bussen. Det var barnsleg og stygt, og eg beklager, dokumentarist.

Men livet ville ikkje vere godt utan litt smerte. Og mitt minne om nedrig hevnbehov er uløysleleg knytta til minnet om denne innsikta: Ein kan lage sine eigne superheltar. Det treng ikkje å vere Lynvingen og Edderkoppen.

Spawn møter Violator for første gong. Merk hand-anatomien. Sjølv om McFarlane er ein fantastisk teiknar, kan ein vel tillate seg å påpeike at han har tendenser i retning Pondus-hender. Illustrasjon: Todd McFarlane
Spawn møter Violator for første gong. Merk hand-anatomien. Sjølv om McFarlane er ein fantastisk teiknar, kan ein vel tillate seg å påpeike at han har tendenser i retning Pondus-hender. Illustrasjon: Todd McFarlane

 

McFarlane gjer noko lurt: Han gjer det han kan

Image var altså ei frisone. Serieskaparane som hadde fått si formelle – og uformelle – trening i Marvel og DC, kunne no sleppe seg heilt laus. For McFarlane innebar dette at han kunne designe ein superhelt som frå botnen av utnytta hans styrkar, dvs kapper/duppedittar/kjettingar og som bortforklarte alt han ikkje gadd å stresse med. Det er sjølvsagt bra å tvinge folk til å gjere dei vriene tinga i studentfasen, men før eller seinare må ein teiknar som regel innrømme at ho eller han har visse grenser, og jobbe innanfor desse. Dette kan ein fint sjå på Hellboy-teiknar Mike Mignola, som fekk eit enormt oppsving når han kunne konsentrere seg om figurar som vassa rundt i vatn som skjulte føtene.

1484141-spawn30_19
Fra The Clansman. Illustrasjon: Todd McFarlane

Spawn har ei «levande uniform», det vil seie at kjettingane og kappeflikane hans kan flagre akkurat så mykje som McFarlane vil. Og han er død, noko som vil seie at han etterkvart kunne miste nasa (McFarlane sine naser ser som regel berre komiske ut). Spawn er også afroamerikansk, noko som var eit viktig poeng for McFarlane.

1484143-spawn30_20
Spawn finner på en passende «straff» for en mann fra Ku Klux Klan. Illutsrasjon: Todd McFarlane

Skilnaden på bra og fett

Historiene i Spawn gjorde inntrykk først og fremst fordi McFarlane teiknar så over alle støvleskaft fett. Ikkje bra, sånn som Moebius, som du ikkje kan ignorere uansett kor skeptisk du er, men fett. Eg trur det var Howard Chaykin som sa at annakvart ord den unge, lovande McFarlane sa var «fuck». Det var denne energien som drog meg inn. Når McFarlane hyra inn den suverent dyktige Greg Capullo til å gjere blyantskissene vart anatomien endå betre, til både lesarane og McFarlane si store begeistring. Høgdepunktet for mitt vedkomande er nok deira historie om ein Klansmann som vert utsett for ei finurleg, Tor Åge Bringsværd-aktig straff.

McFarlane fekk meir og meir å halde styr på, av actionfigurar, animasjonsserie og spelefilm, så han måtte overlate meir og meir av tusjinga også til andre. Og i det sekundet McFarlane slutta å tusje vart serien uinteressant. Det som eg opplevde som ein forfriskande mangel på ironi, vart til tunghendt patos med ein gong Danny Miki tok over. Det var aldri dårleg, det berre var aldri fett på same måte. Dette var i seg sjølv mirakuløst: For Miki tusja omtrent heilt likt som McFarlane. Det var berre det at Miki heile tida streva for å sjå ut som McFarlane, medan McFarlane hadde streva for å finne på nye måtar å vere seg sjølv.

SPAWN 85
Spawn blyant: Greg Capullo tusj: Danny Miki

Eit genialt teljeverk

Men ein annan ting øydela også. Spawn hadde eit av dei beste forteljargrepa eg har sett på ein superhelt: Eit teljeverk som målte kor mykje Spawn hadde igjen av helveteskreftene sine. I første nummer var dette teljeverket på 9999, og byrja å gå nedover kvar gong Spawn brukte magi. Med dette hadde McFarlane ein helt som i teorien kunne gjere alt – teleportere, vekke dei døde, skyte strålar med hendene, og forvandle seg til ein blond fyr (men ikkje til seg sjølv). Men Spawn hadde også eit påskot for å heller snike seg inn på eit militærlager og skaffe seg kjempestore nittitals-pistolar. Spawn ville jo helst ikkje at kreftene skulle gå ned til null, då ville kontrakta hans med demonen Malebolgia gå ut. Problemet var sjølvsagt at dette teljeverket aldri kunne gå til null så lenge Spawn var USAs mest populære superheltserie. Difor klarte Spawn på eit tidspunkt å frigjere seg frå det magiske teljeverket. Det er sjølvsagt slikt som må skje, men på det tidspunktet hadde eg enno ikkje forstått kapitalismen.

Spawn-224-Todd-McFarlane-Black-White-Variant-Dark-Knight-Homage-350627379975
Ein McFarlane-hyllest til Frank Miller sitt fantastiske Batman-omslag, «Dark Night Triumphant». Illustrasjon: Todd McFarlane

 

Kvantitet – ein kvalitet i seg sjølv

I dag har både Marvel og DC starta sine største superheltblad på nytt – offisielt for å opne opp for nye lesarar, men ofte mest i nærsynt håp om å cashe inn på eit «issue no. 1». Det traurigaste er kanskje at sjølvaste Action Comics, bladet som introduserte verda for Supermann i 1938, fekk sitt telleverk nullstilt i 2011, etter 901 nummer. Alt for å tekkast DC si krampaktige “New 52”-nullstilling av alle blad. Spawn kjem i desember med sitt nummer 250. McFarlane har blitt spurt om ikkje han også hadde lyst til å nullstille teljeverket og starte på Spawn no. 1. Men McFarlane er ikkje interessert i den kortvarige oppblussinga av kunstig medieinteresse ein får ved å nullstille årevis med kontinuitet, og han meiner også at ingen av nysatsingane har halde ved like salgs-boosten dei har juksa seg til – langsiktig har salget heller krympa. På nr 251 skal eit nytt kreativt team, Brian Wood og Jonboy (heheh, tøft namn) Meyers, ta over bladet. McFarlane har bedt Wood “skrive som om han eig serien”. Men nummereringa får han heldigvis ikkje lov til å tukle med.

Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

3 KOMMENTARER

  1. Veldig bra! McFarlane, og forsåvidt de fleste av de andre Image-fedrene, hadde en imponerende energi i sine tegninger og fortellinger. Frank Miller beskriver det best når han i Shop Talk sier til Will Eisner at McFarlane sine serier treffer hjertet på de som sitter og risser hakekors i ungdomskolepulten sin for å vise hvor rebelske de er. Det er en hyperaktiv energi der.

    Men den av Image-seriene som virkelig fortjener å bli bragt fram i lyset er Savage Dragon. Den er vel ennå såvidt under 200 blader ennå, men det er Erik Larsen, pluss utskiftbare fargeleggere og håndtekstere, og bare Erik Larsen, som har skrevet og tegnet alle bladene. Det er en hver superheltkid sin våte drøm, en kontinuitet som bare går og går og utvikler seg uten å brytes eller gies over til nye kreative teams. Larsen sine tegninger er enda mer energisk enn McFarlane, og etterhvert magisk i sin enkelhet, men historiene er kanskje ikke like lure en og en. Det er nok fordi han forsøker å følge tiden det tar mellom utgivelsene i historien. Hvert blad er cirka en måned med historie. Og når man ser helheten og ikke minst detaljene som går og går og utvikler seg hele tiden, så ser man at det er genialt. Faktisk. Utrolig små detaljer kan gå i bakgrunnen som en vits i 50 blader, får det blåser opp i episke dimensjoner.

    Tidsaspektet av serien gjør også at den har et annet unikt aspekt. Man ser Savage Dragon sin sønn bli født. Nå er han nesten voksen, og… han har tatt over som Savage Dragon. Pappa-Dragon er ennå med i persongalleriet, men Dragon Jr. er tittelkarakteren. Det vet jeg ikke om noen annen serie som har gjort.

    Så ja, heder og ære til Spawn som en indiehelt. Men Erik Larsen sin prestasjon er bare overgått av Dave Sim.

    • Takk for spennende innspill, den Miller/Eisner boka må jeg kjøpe meg. Og det hadde vært kjempegøy om du ville skrive om Savage Dragon, Kim!

      • Miller/Eisner må jeg også kjøpe meg, siden gamle boken ble tatt av en liten oversvømmelse.

        Skriver gjerne om Savage Dragon en dag jeg har tid. Har er en del blader jeg må pløye meg igjennom mellom der omnibus’ene stopper og hvor jeg hoppet på igjen. Cirka 50 blader? Må bare bite i det sure gresset og kjøpe de en og en på Comixology.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.