Vi spurde ein av Norges fremste ekspertar om å vise oss sine favorittar på skjermen.

Fredrik Rysjedal har nyleg avslutta eit kunstnarisk utviklingsprosjekt om skjermbaserte teikneseriar på Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Vi har intervjua ham om dette i detalj, men var også nysgjerrige på å få sjå eksemplar på kva som finnast der ute.

Her er Rysjedals eigne favorittar:

Game comic:

Daniel M. Goodbrey har forska på hybriden mellom teikneseriar og spel på Universitetet i Hertfordshire. Han er ein av dei som T. Campbell kallar «the reinventors», og var tidleg ute med å interessere seg for digitale teikneseriar. Hans siste digitale teikneserie er The Empty Kingdom.

Skjermbilde fra The Empty KingdomSkjermbilete frå The Empty Kingdom

Skrolleaktivert teikneserie:

Vår eigen Jenny Jordal står for den muleg fyrste skrolleaktiverte teikneserien. Animasjoner vert aktivert medan lesaren skrollar og motion graphics eller cut-out animasjon er hovudteknikken som pregar teikneserien.

Skjermbilde fra BananasSkjermbilete frå Bananas

Panel delivery:

Ontonauts er også ein av pionerane som utnytter seg av skjermen og bildestrømmens eigenskapar til å skape forandringar i det eksisterande biletet. For fleire slike teikneseriar sjå Thrillbent.com

Skjermbilete frå Ontonauts
Skjermbilete frå Ontonauts

Gesture controls:

Erik Loyer og Esra Claytan Daniels har laga serien Upgrade Soul. Dei todimensjonale teikneseriane får ein nerve ved at gyrokontrollen i lesebrettet overfører dine bevegelsar til omgjevnadane og figurane i teikneserien.

Skjermbilete frå Upgrade Soul.
Skjermbilete frå Upgrade Soul.

Augmented reality:

Den australske teikneserieskaparen SUTU har laga teikneserieheftet Modern Ploaxis, som også kan lesast gjennom å sjå den gjennom ein smarttelefon – då vert ein alternativ dimensjon i teikneserien synleg.

Skjermbilete frå Modern Polaxis.Skjermbilete frå Modern Polaxis.

Infinite canvas:

Det uendelege lerretet som datamaskina kan tilby er eit fenomen som Scott McCloud omtalte tidleg på 2000-talet. Mange har vorte inspirert av dette, som til dømes Boulet med sin The Long Journey.

Skjermbilete frå The Long Journey
Skjermbilete frå The Long Journey
Ansvarlig redaktør for Empirix. Har skrevet om tegneserier for Bergens Tidende, Barnebokkritikk, Morgenbladet, Periskop, Dagbladet, Numer. Har en BA i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.