
Anmeldelse
Spøkelsesvenn bok 1-3
Michelle Tolo
Aschehoug, 2020-2025
Michelle Tolo debuterte i 2020 som teikneserieskapar med første bok i Spøkelsesvenn-serien. No er tredje bok i serien ute, med bok 1 og 2 klare for nye opplag.
Tolo er utdanna innan datagrafikk og animasjon, og jobbar elles med konseptdesign for reklame, film og spel. Den kompetansen skin gjennom. Bøkene er pakka inn i attraktivt utforma omslag. Forsidene gir eit presist førsteinntrykk av både forteljingane og av estetikken ein kan vente seg, med ein fargebruk som legg vekt på å gjenskape lyseffektar i blått og lilla. Denne estetikken har etter kvart blitt ganske kjend i det norske teikneserielandskapet, og har elles nokre fellestrekk med animerte seriar for barn frå nokre tiår tilbake.

Barnevennleg innpakking
Også innmaten er relativt søt og glansa, men heller meir mot ein stil gjenkjenneleg frå ei retning av moderne bildebøker og teikneseriar retta mot barn. Tolo har ein ryddig strek og kontrollert fargebruk, ikkje særleg rufsete og med få skarpe kantar. Ho varierer fint med utsnitt og perspektiv, og leier augene trygt gjennom sidene. Spøkelsesvenn er behageleg lesing.
For hovudpersonen Magnus er det ikkje like behageleg. Vi møter han medan han og mora køyrer med fullasta bil inn mot Vandredal sentrum, der Magnus skal starte i 5. klasse. Byen er over tusen år gammal, kan ho fortelje, og ut frå korleis den ser ut på avstand har byantikvaren halde ei vernande hand over den iallfall dei siste hundre åra. Det er noko gammalmodig ved den, der den ligg mellom sauejorde. Med minst tre tårn og skråtak så langt auget kan sjå, har det iallfall ikkje vore behov for eit arkitekturopprør der.
Skulevesenet ser også ut til å ha vore ganske beskytta. Då Magnus første skuledag kjem til å knuse eit vindauge, er det ikkje mykje forståing å hente. Han blir fort plukka opp av ei lærarinne som har full kontroll på kvar rektor har kontor.
Han er nyinnflytta, faren er fråværande, den kjære katten har døydd og Magnus endar i trøbbel med ein gong, i ein by der taksteinar og andre ting fell ned på mistenkeleg og farleg vis. Så kjem han over ein kattefigur som er påfallande lik den gamle vennen. Han knytter seg sterkt til denne, og møter gjennom figuren ein ny venn – spøkelsesvennen Saga, som er bunde til figuren av ei kraft ho ikkje greier å bryte.
Kjent og kjært
For dei som har lest ein del, er det mange kjente trekk ved denne historia. Åleine på ein ny stad, utsett for freistingar og moralske val, og ein alliert som ein både får støtte av og som byr på eit oppdrag å løyse. Mot slutten av første bok greier dei saman å bryte bandet mellom Saga og figuren, og dei finn karakteren som skal fungere som mentor for begge to i kampen mot poltergeistane som beleirar spøkelsa i Vandredal. Den eigentlege eigaren av kattefiguren er nemleg Marit, bestevenninna til Saga frå då ho levde. Marit har brukt heile livet på å bli ein hjelpar for spøkelse og ein ekspert på poltergeistar.
I denne verda er det nemleg slik at alle som døyr blir spøkelse, og så bør dei helst kome seg til æva så fort dei får til, elles vil dei før eller seinare bli etne av poltergeistar. No har det blitt færre og færre spøkelse i Vandredal, og stadig fleire og sterkare poltergeistar.
Det er i samspelet mellom Saga og Magnus at det svinger best. Dei har frå starten ein kjemi som stikk seg fram, medan ein del andre møta med folk blir litt flate, og litt for velkjente. Historia og teikningane får meir fart og varme der Saga og Magnus er saman.

Litt for enkelt
Andre delar av forteljinga er til tider noko enkle. Litt for ofte dukkar både krise og løysing opp meir fordi forfatteren treng det enn at forteljinga bygger opp til det. Nokre døme på dette er korleis Marit stadig kjem med viktig informasjon om andeverda først etter at ein fare har oppstått. Ein annan er at Magnus ser Saga fordi han har så sterke kjensler for figuren ho er fanga i, men når dei i bok to møter eit spøkelse frå vikingtida, fanga i ein mynt, uttrykker Magnus ikkje særleg sterke kjensler for eller mot mynten. Det er faren han er sint på.
Slik humpar historia framover. Ein del av stega som skal drive spenninga, kjennes meir ut som “og så”, enn “derfor”. Samtidig er det ikkje ei historie utan ein overordna plan. Let ein seg vere med på reisa, har alle tre bøkene så langt fine dramatiske strukturar og dei fungerer som både relativt frittstående avsnitt og som del av eit større heile. Det kjem også fleire møte det svingar av, ikkje minst når det frustrerte vikingspøkelset utrøytteleg svingar sverdet over Magnus. Det er ei nydeleg form av ikkje-kroppsleg komikk.
Det store bildet
I bok 1 er oppdraget å få Saga fri frå kattefiguren. Bok 2, Poltergeist, si krise er å forstå vikingguten Gimle og frigjere han frå lenka til mynten. Slik kjem nok ein hjelpar på plass. Med bok 3, Fullmåne, tar Magnus, Saga og Gimle i bruk kunnskapen Marit etter kvart har kome på at ho bør dele, og kampen mot poltergeistane er i gang.
Det kan etter kvart kjennes som at det store bildet blir litt for stort. I kvar bok på drygt 100 sider skal det bli plass til dramatikk med mor og far, eit spøkelse eller eller to, vanskar og sigrar på skulen, og dårleg påverknad frå dei to større gutane Chris og Even.
I det bok 3 introduserer Nøkkel, ein overnaturleg figur som blir fødd på ny kvar fullmåne, og har bygd ein by for spøkelse som ikkje er klare for å reise vidare, dyttar det seg fram eit spørsmål om det eigentleg var behov for ei underhistorie der Magnus og Saga intervjuar Nøkkel og reproduserer historiske foto av han til ei skuleoppgåve. Det er ein artig idé, men det bidrar også til eit inntrykk av at skriveprosessen i litt stor grad følger mange artige innfall etter kvart som dei dukkar opp. Bryr målgruppa seg om nokre kutta svingar i forteljarlogikk? Kanskje ikkje, men det finst likevel grunnar til å pusse skøytane godt.

Styrken i å ha tru på seg sjølv
Når tredje bok gir oppspelet til neste del av serien, er det med ein Magnus som har funne ei heilt ny sjølvtillit. Han er sikker på at han og vennene har det som trengst.
Den sjølvtillita bør også Spøkelsesvenn finne fram til, og stole på at den inneheld dei trådane som trengst. Tolo teiknar fram klare karakterar, og dess meir kampen mellom spøkelse og poltergeist får spisse seg, dess meir driv let det til å kome inn i teikningane. Ho kan godt la hovudforteljinga og dei stadig tryggare hovudpersonane vere i førersetet i framhaldet.
Liker du det du leser?
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få nye artikler rett i innboksen.
Ingen spam. Meld deg av når som helst.