Teikneserieforskinga er eit felt i vekst. I denne serien får du møte viktige stemmer i nordisk og internasjonal samanheng. I dag: Fredrik Strömberg, ved Serieskolan i Malmö, og redaktør for Bild & Bubbla.
Tintin og The Simpsons er to av referansane når den svenske teikneseriehistorikaren Fredrik Strömberg går i djupna for å finne ut kor brei og omfangsrik påverknaden til Oscar Jacobssons ordlause stripeserie Adamson(1919-1945) er.
– Eg har lenge vore fascinert av Jacobssons serie om ein surmulete gubbe med tre hårstrå og ein stor sigar, som i første halvdel av 1900-talet vart Sveriges soleklart største internasjonale teikneserie-eksport, seier Strömberg.
Adamson vart gitt ut i heile Norden, Europa, USA og i Asia, og var utruleg populær. Populariteten gjorde også gjenbruken av figuren frå stripa motsetningsfull, forklarer Strömberg.
– Han prega tyske kampfly under andre verdskrig, men levte også vidare i illegal form som nazistjeger i Polen, og i Kina kjem det fortsatt ut samlingar med stripene kvart år.
Strömberg vil nok vere kjend for nokre lesarar. Han er ein nøkkelperson i svensk teikneseriekultur som redaktør for teikneserietidsskrifts-institusjonen Bild & Bubbla, mangeårig leiar for Seriefrämjandet, og inspirator for mang ein fersk serieskapar ved Serieskolan i Malmö, for å nemne noko.
Å forske på Adamson har han fått stipend til, og han kjem til å fortelje om prosjektet på ein sesjon på den nært føreståande Contemporary Nordic Comics Research-konferansen, som går av stabelen 7.-8. oktober i teikneseriebyen Malmö – og på Zoom.
– Prosjektet er uttrykk for ein ambisjon eg har om å gjere grunnforsking på serier og seriehistorie. Sjølv om Adamson, eller Silent Sam som den ofte blir kalla i omsetjingar, hadde slik framgang, er han litt for gløymt i dag, seier Strömberg.
Han ønskjer å få stripa inn i seriehistorien igjen, både i Sverige og internasjonalt, og jaktar på spor etter Jacobsson i ulike arkiv verda rundt. Det finst nemleg døme på at serien har inspirert andre både i visuell forteljeform, figurdesign, og det ordlause premisset.
– Eg har ei lang liste med ulike seriar og serieskaparar som latar til å ha blitt inspirert av Adamson, og målet er å byggje ein visuell genealogi, å søkje etter spor i dei ulike internasjonale seriekulturane, for å sjå kvar dette fører meg, seier Strömberg.
I tidligere utgåver av denne intervjuserien har eg spurt forskarar som Rebecca Scherr, Hillary Chute, og Nina Mickwitz om ulike aspekt ved institusjonaliseringa av teikneserieforskinga, for eksempel ved at det vert oppretta eigne institutt via slik forsking. Dette har du vore oppteken av, og du skreiv om det i Journal of Graphic Novels and Comics frå eit nordisk perspektiv for nokre år sidan. Der argumenterer du for ei styrking av teikneserieforskinga som disiplin. Korleis ser du på dette no, fem år seinare, idet Contemporary Nordic Comics Research Conference snart blir arrangert?
– Då eg skreiv den artikkelen var eg tydeleg på at eg er for innstiftinga av ein separat disiplin, noko som skapte ein heil del debatt. Men eg står fast ved det, sjølv om eg i dag kanskje har eit noko meir nyansert syn på saka.
Teikneserieforskinga blømer verkeleg no, utan eigentleg å vere ein eigen disiplin. Det dreier seg snarare om fruktene av å vere eit interdisiplinært forskingsfelt?
– Mi erfaring med å bygge opp institusjonar som Seriefrämjandet, Seriecenter, Serieskolan og Seriearkivet i Sverige har vist meg kor viktige roller desse har spelt for å løfte fram teikneserien som kunstform på ulike område. Teikneserien har ein heilt annan plass i det svenske samfunnet i dag enn for to-tre tiår sidan, og dette er tildels eit resultat av slike initiativ. Mykje av det arbeidet eg la ned i løpet av tjue år i Seriefrämjandet handla om å sjå til at teikneserien vart teken meir på alvor på ulike nivå i samfunnet. Dette tyder mellom anna at serieskaparar og serieforlag må få vilkår på nivå med andre kunstnarar og kunstarinstitusjonar det er naturleg å samanlikne seg med. Dette gjeld både stipendordningar, innkjøpsordningar, tilgang til titlar gjennom biblioteka, og så vidare. Institusjonar kan spele ei viktig rolle i samtalar med lobbyar og politikarar, og i den offentlege debatten. Eg kan sjå at det å bygge teikneserieforsking som disiplin kan ha ein positiv effekt, med akademiske profilar og forskingsfinansiering, tilhøyrande konferansar og antologiar, og ei meir synleg rolle i det offentlege ordskiftet. Den største risikoen er at forskinga kan bli for likt innretta, mot ein bestemt form for tenkemåte eller entreprenørskap, men i artikkelen min i Journal of Graphic Novels and Comics forsøker eg å navigere ein veg gjennom dette.
Du har hatt ein sentral plass i svensk teikneseriekultur i fleire tiår. Korleis kom du til teikneserien, og kva var dine første møter med mediet?
– Eg kan knapt hugse ei tid i mitt liv der eg ikkje var omgitt av seriar. Eg minnest godt at foreldra mine skaffa meg eit abonnement på Bamse av Rune Andreasson i 1973 då eg var fem år gammal. Eg vart frustrert over at eg ikkje kunne lese dialogen, så det skapte leselyst. Gjennom det lokale biblioteket oppdaga eg store samlingar med album, og eg gjekk djupt inn i Tintin, Asterix, Lucky Luke. Eit sterkt minne frå den tida var ei bestilling av ei LP-plate med ei dramatisering av eit Tintin-album, der eg sat med albumet i hendene medan eg lytta. Det var i desse åra min kjærleik til den franskspråklege seriekulturen tok form.
Programmet til den komande konferansen i Malmö demonsterer eit flott mangfald for den nordiske teikneserieforskinga. Kva for utfordringar vil du løfte fram som dei viktigste for forskinga dei neste åra? Kva vil du sjå meir av, kva manglar?
– Eg ser særleg to område eg veldig gjerne skulle ha sett meir fokus på. For det første er det behov for fleire diskusjonar, debattar, analyser og artiklar om serieforskinga i seg sjølv – kva feltet er, og kanskje bør vere. Vi er midt i ein ekspansiv periode, og bør reflektere over kvar vi er på veg, og kva for vegval som vil vere dei rette for å føre oss vidare. Mangfaldet og det interdisiplinære spennet er godt for mengden av perspektiv, metodar og teoriar, men faren er at ein må finne opp hjulet igjen og igjen. Eg er oppteken av fordelane med ein tydelegare disiplin, som potensielt kan vere ei brikke når det kjem til å styrke teikneseriekulturen meir generelt.
– For det andre skulle eg gjerne ha sett meir forsking på seriehistorie og ikkje minst dei verkeleg store, populære seriane – korleis dei kommuniserer, blir produsert, og kommunisert. Det finst ein tendens no til å kanonisere «viktige verk» og skrive endå meir om bøkene til Art Spiegelman, Alan Moore, Neil Gaiman, Marjane Satrapi eller Joe Sacco, sidan desse har kulturell kapital, men då kan vi fort miste av syne dei meir massekulturelle fenomena. Det finst sjølvsagt mange forskarar som fordjuper seg i superheltsjangeren i USA, men kor mange monografiar og avhandlingar finst det om Disney-serier, som er slik eit gigantisk fenomen over store delar av verda? Det same gjeld seriane si historie, som ofte er bakgrunn for forsking, men sjeldan sjølve grunnen for det. Vi må grave djupare for å forstå kvar teikneserien som kunsform kjem frå, korleis han har utvikla seg til å verte det han er i dag. Med det i bagasjen, trur eg vi har større føresetnader for å forstå det som foregår no, og kanskje til og med kvar seriekunsten er på veg.