Anmeldelse

Udugelege heltar 3: Endelaus
Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen
Überpress, 2024

Episk scifi-trilogi på nynorsk, kan det verte betre? Litt betre kan det verte. Men Udugelege heltar er ei glede å lese.

Eg kasta meg rett på bok 3 utan å lese dei to føregåande. Eit problem med både scifi og superhelt-greier er at dei fort produserer mykje lekse. Etter kort tid vert det mange greier ein bør vite om for å kunne nyte historia. Dette ser ein spesielt i DC og Marvel sine innfløkte univers, som då jevnt og trutt må «rebootast» fordi ingen hugsar alt lenger. (Og MÅ alt vere eit multivers?)

Ein tommelfingerregel, som eg trur er frå Savage Dragon-skapar Erik Larsen, er at ein alltid må tenke seg at kvart einaste blad ein lagar kan vere nokon sitt aller første møte med din serie.

Smarte superheltseriar velger difor ofte å bake inn informasjon i serien. Ofte er det ikkje naudsynt at det er så bra gjort heller, for lesaren er glad for å få ei oppsummering uansett.

Eg kan berre lese Udugelege heltar for første gong ein gong, så eg velger å lese bok 3 utan å kjenne universet, og så sjå kva eg forstår. Eg les bok 1 og 2 etterpå, og anmelder dei til slutt her som ein bonus.

Bind 3: Endelaus

Calvin, Chrissa og Kacker er dei udugelege heltane. Calvin kan fryse ting, Chrissa er veldig sterk, og Kacker er både oppfinnar og har ei slags Plastic Man-aktig evne til formskifting, der han både kan gjere handa si om til ei saks og forandre seg til ulike skapningar. Dei kjempar mot superskurken Megademon, som studerte saman med Kacker då Kacker var ung (og såg heilt annaleis ut, noko som gjer flashbacket litt forvirrande). Chrissa får også etterkvart ein robotarm som kan vekse seg stor i eit knipetak.

Anglisismer skjemmer

Det er eit overraskande lettlest univers – trass i at Kacker kan skifte utsjånad, klarer eg å følge med på kven som er kven. Megademon har eit deilig design, og er heldigvis seg sjølv lik frå flashbacks til notid (berre meir skurkete i notid). Det grunnleggande plottet har også eit par skikkelig friske idéar, som gjer sluttoppgjeret med Megademon interessant.

Det er herleg å lese ein såpass publikumsfriende serie på nynorsk, og det er herleg å lese ambisiøs scifi på norsk generelt. Men med mange språkmedvitne folk med på leiken (blant anna Arild Torvund Olsen frå Nynorsksenteret, eldsjela bak omsetjinga av Pepar og Gulrot) burde dei sett nøyare på om dei MÅ ha med setningar som er ordrette fornorskingar av engelske uttrykk.

  • «Det er ikkje på bordet» = It’s not on the table
  • «Eg likar ånda di» = I like your spirit
  • «Du tvingar handa mi» = you’re forcing my hand

Eg kan levande sjå for meg at dette har blitt diskutert redaksjonelt, og at nokon har argumentert for at dette er gjort som humor, men det opplevast ikkje som eit gjennomtenkt grep.

Kristenpropaganda

Noko anna som ikkje opplevast gjennomtenkt er kor mykje dei bannar. Som undergrunns-seriefan synest eg jo det er litt fint, fordi det gir meg kjensla av at serien er laga av to kompisar som sit og kosar seg og ikkje bryr seg om «målgrupper» og foreldre og denslags herk. Dessutan er det vel kjent i teikneserienoreg at redaktør-legenden Tormod Løkling HATAR banning, og difor har fått fleire generasjonar teikneserieskaparar til å finne på ymse kreative omskrivingar. Mangel på omskriving blir dermed eit slags grep i seg sjølv, det er eit kick å sjå ein søt liten seriehelt berre seie «faen» uten vidare. Det gjer at serien endrar karakter også, så ein føler at den lener seg meir i retning Rick & Morty enn i retning Amuletten.

Men ikkje før eg har vent meg til banninga, byrjar eg å gruble over om kvifor den bygger på kristne begrep. Er kristendommen så dominant i dette scifi-universet? Eg konkluderer med at forfattarane føler at Gud finst på ekte, og difor er «faen» og «helvete» ein faktor uansett kva planet ein er på.1

Forlagsdrift mot straumen

Det ambisiøse mikroforlaget Uberpress held heldigvis koken, trass i at forlagssjef og primus motor Are Edvardsen har gått gjennom nyrestein og … punktert auge? sidan eg intervjua han for vår podcast Tegneserier! Om du vil ha heile historia må du nesten spørje Are om når du står på tegneseriefestival for å kjøpe bøker av han2. Poenget er at teikneserienoreg ofte ser nydelege produkt kome ut på grunn av enkeltindivid som endrar heile bransjen, og dei bør passast på.*

Uberpress si linje har vore å publisere historier med særpreget og uregjerligheta til undergrunnsteikneseriar, men den visuelle finishen til overgrunnsteikneseriar. Are kan legge ut i det vide og breie om logoar og snakkebobler, og det er ikkje tvil om at Uberpress gir ut teikneseriar som blir behandla med omsorg.

Så også Udugelege heltar volum 3. Det som kunne blitt nesten uleseleg – eit tredjebind i ei scifi-verd der alt kviler på forfattarane sin fantasi – klarer å finne balansen mellom forklaring av universet sine spelereglar, karakterene sine relasjonar, og plottet. Men korleis blir opplevinga om ein les bind 1 og 2 etterpå?

Bind 1

Denne er i mykje større grad ein undergrunnsserie, og VELDIG i Rick & Morty-landskapet. Vi får møte femåringen Chrissa, som på grunn av sin kjempestyrke slår eit mobbande barn gjennom fire veggar. I det klassiske grepet «ting som skjer i tegneserie har brått konsekvenser» viser det seg at dette faktisk, kven skulle trudd, har drept mobbaren. Gøy! Så barnet Chrissa må i fengsel, der ho vert ein alpha i fengselshierarkiet. Også gøy! Kacker og Calvin vert også introduserte, og så følger vi trioen på tur til Sola (!) for å slåst mot kjempestore bakterier (!). Det er ein råsterk debut, med genuint morosame vitsar og enorm flyt. Eit trygt kjøp.

Bind 2

Kacker, Calvin og Chrissa må forlate jorda. UH vert meir og meir gøy. No angrar eg på at eg las bok 3 først, for eg øydela det litt for meg sjølv. Det er mogleg å forstå historia utan, men ein del av vitsane i bok 3 er running gags frå bok 1 og 2. Framleis masse banning, eg håper det ikkje hindrar serien i å bli ein hit hos barn (det kan vel svinge begge vegar, men eg anbefaler foreldre å kjøpe bok 1 til sine barn uansett, det er enten dette eller alle jentetruse-vitsane i Dragon Ball).

Bok 2 introduserer også Megademon på ein stråååålande måte. Når Megademon kom skridande inn i rommet stoppa eg faktisk litt opp for å nyte oppslaget. Og så er det rikt, det er mange romvesen og eit nytt fengsel og ein eigen rase vakt-romvesen og Calvin som slit med sjelekvaler. Eg har sakna teikneseriar som lessar på med påfunn, og det får eg her.

Udugelege heltar er ein serie som vil masse ting, og som får dei til. Men den bør absolutt lesast i rekkefølge. Duoen Helgemo og Pedersen har laga ein scifi-trilogi som klarer å vere tøysete, episk, søt og finurleg.

Det hadde likevel ikkje vore umogleg å gjere kvar bok meir sjølvstendig. I staden for å frykte å gjenta seg sjølve, kunne dei hatt ei introside i kvar bok, for å presentere figurane og kreftene deira.

  1. Korreksjon her: Etter å ha lest bok 1 og 2, forstår eg banninga betre! Bok 1 er så røff i stilen at det passar. Dessutan startar den i eit fengsel. Det ville vore pussig for faste lesarar å kutte banninga i bok 3. Eg angrar! ↩︎
  2. Om du vil høre Ares nyresteinhistorie setter han som krav at du minst kjøper et par bøker først, red.anm. ↩︎

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.