Anmeldelse

The Urban Legend sesong 4
Josef Yohannes og Steve Baker
Keep on Walking, 2024

Josef Yohannes er tilbake, teiknar NewTasty har gått over til sitt faktiske namn Steve Baker, og Urban Legend er i meir trøbbel enn nokon gong.

Den godhjerta læraren Malcolm (etter Malcolm X) Tzegai (etter Josef Yohannes sitt mellomnamn) Madiba (etter Nelson Mandela) kler seg ut i ei Bruce Lee-inspirert gul drakt og bankar opp skurkar i den diffuse byen «Capital City», ein by som med vilje berre er laga for å vere «alle byar» så barn over heile planeten skal kunne leve seg inn i Malcolm sine eventyr.

Serien er designa for at eit barn i Eritrea eller USA skal kunne plukke den opp og lese den som sin første teikneserie, og dermed gjer den ting heilt annaleis enn seriar som er laga for eit norsk publikum. Veldig få andre seriar ville tenkt på behovet for ein «Ebola-spesial», men det har Urban Legend. Mobbing, klimaendringer, gjengkriminalitet … Ingen tema er for store eller tunge til at ikkje UL kan løyse dei eller i det minste markere litt avstand til dei ved hjelp av to hanskekledde knyttnevar.

Superhelten The Urban Legend av Josef Yohannes er ulik det meste anna i tekneserienoreg. Det er ein styrke.

Politisk serie

Serien har alltid vore gjennomsyra av politikk, og i grunnen er serien best når den er uhemma politisk. Den genialt designa logoen til helten, ein silhuett av ein knyttneve der peike- og langfinger formar ein U og ring- og veslefinger formar ein L, er både eit bokstaveleg bilete av kva Urban Legend har å by på, og ei klokkerein referanse til Black Panther Party sin logo frå sekstitalet.

Capital City er kanskje ein by i «alle land», men parken i Capital City heiter Thomas Sankara park. Sankara var ein av dei store afrikanske fridomskjemparane, president i Burkina Faso og ein viktig teoretikar for den pan-afrikanske tankegangen. Sankara fekk vaksinert millionar av barn, innført forbod mot kjønnslemlestelse, reduserte analfabetisme kraftig, solgte regjeringa sine Mercedes-bilar og jobba for at afrikanske land skulle vere sjølvforsynte og ikkje avhengige av u-hjelp. Trass i at heile Afrika såg opp til han, vart han til slutt myrda.

Urban Legend mot røkla

I den fjerde boka kjem UL i konflikt med New World Order, ein slags skyggeorganisasjon som kontrollerer alt, og som brukar Illuminati-symbolet auget i pyramiden. Begrepet «New World Order» er ikkje nytt, og har blitt brukt av folk på alle sider av det politiske spekteret for å skildre alt dei er redde for. Så det er eit litt betent begrep å bruke, men samstundes: For trettenåringar som les dette, gir det kanskje akkurat passe mange gufne assosiasjonar.

Med fjerde bok om Urban Legend har både Gyldendal- og Cappelen-logoen blitt borte. Akkurat som Taylor Swift gir Yohannes ut boka si sjølv. Boka er alt innkjøpt av biblioteka og har hatt godt med førehandssalg, så økonomisk er den nok alt i mål, men dei store bokhandlane er eigde av dei store forlaga. Urban Legend har med andre ord teke opp kampen mot “the world order” også i det virkelige liv.

Superhelten The Urban Legend av Josef Yohannes er ulik det meste anna i tekneserienoreg. Det er ein styrke.

Klar moral

Boka er delt opp i kapittel, og kvart kapittel står godt på eigne bein. Spesielt godt fungerer førstekapittelet, der New World Order-gjengen oppsummerer kven denne nye superhelten dei skal ta er (og dermed effektivt oppsummerer dei foregåande bøkene). Som ein som bryr seg om teikneseriemediet, er mitt favorittkapittel «Origins part 2», der UL drøymer først i barne-frokost-tv teiknefilmstil, så i syttitals kungfu-film-stil, og SÅ i G.I. Joe-aktig teikneseriestil. (Eller er det Frank Miller sin Daredevil det spelar på?)

Stilen Steve Baker brukar på Urban Legend til vanleg kan minne om ein enklare versjon av Paul Pope, felles er den asiatiske inspirasjonen og eit stort fokus på dynamikk. Det er nok ein balansegang å skulle produsere så mange sider og samstundes halde oppe kvaliteten. Drøymesekvensen blir difor eit visuelt høgdepunkt, fordi den viser kor fleksibel Baker eigentleg er.

Snakkeboblene i heile boka er litt vel “spisse” i horisontal retning, men tekstinga fungerer elles fint.

Moralen er aldri subtil, dialogen likeså. UL er ikkje ein «voksen» serie og går ikkje inn for «realistisk» dialog. Det minner mykje om Stan Lee sin måte å skrive dialog på, der folk på magisk vis har evna til å føre avanserte samtaler medan dei bankar laus på kvarandre. Manuset har også eit par korrekturglippar i denne boka, som «tenkt til å» (korrekt er «tenkt å»). Eg har dog ein anelse om at denne skrivemåten er ganske vanleg hos Urban si norske kjernemålgruppe. Kanskje det no må inn i norsk grammatikk, det står trass alt i Urban Legend.

Superhelten The Urban Legend av Josef Yohannes er ulik det meste anna i tekneserienoreg. Det er ein styrke.

Store ambisjonar

Serien prøver på nye ting heile tida, og er aldri redd for å ta munnen for full. Det gjer at den ikkje alltid flyt perfekt, men den får formidla enormt mange ulike tema på effektivt vis. Prosjektet kjennast så unikt fordi Yohannes har styrt med hjertet først, og så lært seg å skrive og denslags småtteri etterkvart som han måtte. Serieskaparen sjølv har kanskje ironi, men UL er ein superheltfigur heilt blotta for ironi. Det å la ein maskekledd mann banke opp skurkar og diskutere klimaendringer og ebola er dømt til å kjennast litt cheesy innimellom. Men når ein minst ventar det kan sjølv ein barka kyniker blir rørt likevel.

Eit godt døme på at Yohannes sine store ambisjonar er politivald-episoden midt i boka: Eit enormt tema stappa inn i eitt einaste kapittel. Overfylt, men også emosjonelt sterkt. Fortellinga er rett fram: UL møter nokre ufyselege politifolk og finn ut at dei har forårsaka dødsfallet til ein uskyldig mann, med klare referanser til George Floyd-saka. I jakta på videoopptaket som skal avsløre politimennene, møter UL den svarte vigilanten Timebomb. Timebomb sitt namn er passande: Han er lei av politivold, og no vil han ta liv.

UL må brått slåst mot Timebomb for å redde liva til politimennene, og argumenterer for at dei må «gjere ting etter boka». Lignande problemstillinger finn vi både i Alan Moore sin Killing Joke og den første Black Panther-filmen, men ved å direkte hinte til George Floyd-drapet vert smerta til Timebomb ekstra ekte. Historia har veldig mykje innhald som skal formidlast på lite plass, og fargerike figurar som denger kvarandre medan dei diskuterer moral er i sin natur absurd. Men det er ein absurditet som har vore del av superheltsjangeren lenge.

Mot slutten av episoden har UL likevel løyst problemet og alt har blitt, tilsynelatande, bra. Trass i at serien leverer klare meldinger og ein midlertidig happy ending for at episoden skal tilfredsstille, smuglar dei også inn finurligheter: Nest siste rute på side 117 er eit visuelt nikk til Norm Rockwell sitt klassiske maleri om rasisme; The problem we all face. Og sistesida er ein gravstein med veldig mange namn på – ein knyttneve i magen. Urban Legend har ikkje tid til å fokusere på nyanser: Det er store problem som skal nedkjempast.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.