Urban Legend har sidan 2012 skapt furore blant norske teikneserielesarar. Aldri før har så mange hatt så sterke meiningar om samanstillinga av orda “norsk” og “superhelt”.

Norsk-eritreiske Josef Yohannes opprørte ein del då han byrja å gi ut ein superheltserie på eiga hand. Ganske raskt endra interessa seg frå det uvante med ein sjølvpublisert norsk superheltserie, til å dreie seg om kor feil både forfattaren og journalistane tok når dei gav inntrykk av at dette var noko nytt. At forfattaren på toppen av det heile hadde frekkheita til å la seg sitere på at han ikkje eigentleg hadde lest noko særleg teikneseriar, og mest kjente til superheltar frå film, gjorde ikkje saka noko betre.

5427a27a84aee9d9d7f8a7c5
Josef Yohannes på TV2, se heile intervjuet her.

No er det gått nokre år, og Yohannes har vore på TV2 Nyhetene, Filmbonanza og andre stader der teikneseriar sjeldan blir omtalt, han har fått gitt ut serien sin på minst fem språk, og fått dei første åtte episodene gitt ut i forseggjort hardback på Gyldendal norsk forlag. Det er ganske spesielt å omtale hefta som episodar og samlinga som sesong, men det følgjer naturleg av kva forfattaren er påverka av.[infobox]

Ned med Janteloven!

Yohannes fann ut at han ville skape sin eigen superhelt etter ei reise til Afrika. Særleg eitt møte med fattige barn i Botswana vekte eit behov for å skape eit symbol for håp og rettferd. Helten er den 29 år gamle læraren og kampsportentusiasten Malcolm Tzegai Madiba, oppkalt etter Malcom X, Yohannes sin far, og Nelson Mandela. På innsida av omslaget på samlinga har Yohannes plassert orda “Ned med Janteloven!” på veggen heime hos helten sin, ved sidan av portrett av Martin Luther King Jr. og Malcolm X. På sofaen ligg den gule og svarte drakta til helten, henta frå Bruce Lee-filmen Game of Death. Yohannes ber kjeldene sine stolt og opent, på ein måte som det er vanskeleg å mislike. I alle fall så lenge ein ikkje tar det så tungt at han ikkje har lest så mykje teikneseriar, eller at han heller låner omgrep og referansar frå tv-seriar og musikk. Det er det andre norske, og meir kritikarroste, serieskaparar som også er sitert på. Andre sider ved serien krev kanskje litt meir innsats for å opplevast som sjarmerande, men det let seg fint gjere.

Timing er alt, alt er ein allegori

Første episode introduserer nokre sentrale skurkar og helten, før han vert helten. Så opplever hovudpersonen eit personleg tap, og tar på seg rolla som maskert rettferd. Det er ei heilt ordinær skapingshistorie for ein superhelt. Samanlikna med mange superheltseriar greier ikkje forfattaren heilt å følgje opp. Det blir litt mykje heldige tilfeldigheiter som oppstår, litt for keitete og svakt motivert progresjon, og før du veit ordet av det er han i Japan og kjempar seg opp etasjene i “Dødens tårn”, stadig meir utbroderte motstandarar.

Urban-Legend-Cover-2
Urban Legend Illustrasjon: NewTasty

Skurkane er i hovudsak grovt karikerte, mange av dei med groteskt overdrivne proporsjonar – og namn. Djevelens Advokat, til dømes, er nesten like brei som han er høg, og med ei karakteristisk breiflabbansikt som berre hans like skurkaktige nevø Young Evil kan elske. Andre sentrale skurkar er Den svarte gudfaren, Cornrow (google namnet hans om du ikkje kjenner hårstilen) og El Mexicano. Det er oppriktig og inderleg allegori slik det knapt har vore gjort sidan John Bunyans The Pilgrim’s Progress, 1600-talsklassikaren der den djupt truande Christian reiser frå the City of Destruction for å finne frelsa, og undervegs møter figurar som Mr. Worldly Wiseman og stader som the Hill of Difficulty.

Urban-Legend-Character-Designs-1
Illustrasjon: NewTasty

Den brasilianske teiknaren NewTasty er kompetent nok, og brukar ein grov og dynamisk stil der det verkar som det har vore viktigare at actionscenene ser stilige og levande ut enn at proporsjonar og anatomi alltid ser riktig ut. Fargane er sterke og effektive, layouten skaper bra driv, og manuset gir masse rom til slåsting på bare nevar og med ei god breidde våpen.

Den andre B-gjengen

Urban Legend er no godt i gang med sesong 2. I 2015-årgangen sitt fjerde hefte tar Urban Legend  ein ferie frå alt maset i Capitol City, og den legg han til Noreg. Turen tar han saman med Lise Johansen, utvekslingslærar frå Noreg, kollega og kjæreste. I historia “Oslo Inferno” pressar Yohannes og NewTasty så mykje Noreg som mogleg inn på sidene dei har tilgjengeleg. Reisa tek han frå Gardermoen til Svinesundbrua, med stopp på Aker brygge, ved Monolitten, og med nedlegging av blomar på Utøya. Hadde det ikkje vore for at serien er så blotta for ironisk distanse ville det vore nærliggande å spørje seg om kor ektefølt dette er. Uansett kor kynisk ein måtte vere, gir det likevel ikkje meining å tvile på at det er oppriktig meint.

The Urban Legend
I det nyaste nummeret har Urban Legende teke turen til Noreg, det synast. Illustrasjon: NewTasty

Skurkane i denne historia er B-gjengen, som velvillig har fortalt Yohannes nok “til ti utgaver fremover”. Hovudpersonane er politimester Leif Eriksen, som prøvar å få sperra inne skurkar med namn som Crazy M, NWB 666 og Murder Max. Toppen på kransekaka av likefram namngjeving er tittelen på avisa Eriksen les i byrjinga av historia, nemleg “Avisbladet”. Høgdepunktet i denne historia er eit oppslag der Malcolm slåst med B-gjengenmedlemmar, utan drakta si. Det er stramt delt opp, med like store ruter, og nesten utan replikkar. Denne delen viser også fram kvifor Urban Legend ofte blir litt haltande som teikneserie. Alt for sjeldan tar serieskaparane seg tid til å la handlingar faktisk utspele seg. Det gjer at historia ikkje flyt naturleg, men kjennes ut som den er pressa fram. Det seier ein del at når timinga faktisk sit, og flyten er bra, så er det i parti der slåstinga er handlinga.

Mine referansar kan banke opp dine referansar

Den høglydde kritikken som Urban Legend møtte blant ein del norske teikneserielesarar handla mykje om at serien ikkje var nyskapande, i alle fall ikkje den første av noko som helst, og at Yohannes umogleg kunne skape noko nytt i ein sjanger og eit medium han ikkje eigentleg kjenner. Det kan så vere, men det er ikkje eigentleg så interessant. Yohannes har ikkje laga ein norsk superhelt så mykje som han har laga ein “norsk” kampsporthelt. For ser ein bort i frå maska, er det mykje meir Bruce Lee i Urban Legend enn det er Daredevil.

game-of-death-bruce-lee-26683875-1920-1088
Openberr inspirasjonskjelde: Bruce Lee i filmen «Game of Death».

Superheltar kan også vere ufrivillig morosame, teatralskt rettferdige, djupt melodramatiske og alltid på rett plass til rett tid, men dei er sjeldan så inderlege og likefram som det ein får i ein skikkeleg kampsportfilm. Også superheltseriar krevjer mykje godvilje frå lesaren for å kome i gang. Men den forma er no så reindyrka at ein knappast kan basere seg på at actionscenene er nok til å glatte over haltande motivasjon og timing i dei delane av forteljinga der hovudpersonen ikkje slåst. Lest med kampsportfilm som kontekst, er derimot det meste i Urban Legend slik det skal vere.

 

Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2022. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.