I 2020 har svært mange kunstnarar ei Patreon-side. Patreon, oppkalt etter det romerske ordet for «beskyttar», er ei side der folk kan betale eit månadleg beløp i bytte mot å ha tilgang på ein kunstnar sine skisser, teikneseriar, dagboksnotat eller kva som helst. Nokre kunstnarar har dyre kontoar med hemmeleg innhald, andre legg alt innhaldet sitt der gratis og oppfordrar publikum til å gi det dei har lyst til.

No må Patreon-supporterar betale norsk moms på at dei vil støtte oss på Patreon. Dette er feil i følgje skattereglane – vi lagar kunst, og kunst er fritatt moms.

Men Patreon kan ikkje ta ansvar for å skilje mellom om vi lagar kunst eller ikkje, så dei legg moms på oss uansett. Så kan vi eventuelt krevje den tilbake på slutten av året. Eg har ikkje gravd meg ned i det, men det verkar latterleg knotete.

Eg har papir frå Skatteetaten på at alt eg gjer er kunst (eg ba om det fordi eg var redd for at nokre ting eg gjorde, som å skrive kronikk i Dagbladet, ikkje var kunst og dermed måtte fakturerast frå eit anna selskap enn resten. Eg har derfor PAPIR på at ALT som kjem ut av min kropp er kunst, og det slår meg no at eg burde ramme inn det arket og henge det på do).

Finst det nokon måte å gjere Patreon bedre? For meg er det ok, momsen fører berre til at dei som støttar meg må betale meir. Men det er så klart større fare for at dei gir seg når eg brått kostar meir å støtte.

Akkurat no er dette eit lite problem, men i framtida vil Patreon-aktige løysinger bli ein viktigare og viktigare del av kunstnarøkonomien. Det er fordi Patreon-aktige løysingar er BRA.

Å digitalisere kunsten gjer det lett å halde oversikt. Eg har sjølv hatt behov for ein hi-res versjon av ei gammal teikning på reise – den var ikkje på macen, men eg kunne hente den ned frå min eigen Patreon.

Å behalde kunsten bak betalingsmurar gjer at vi tek vare på den eksklusiviteten som vi dessverre fortsatt må konstruere så lenge ikkje universell borgerlønn er ein realitet.

Ein måte å forbetre situasjonen er at Kulturrådet hyrer inn flinke it-folk til å lage ein NORSK STATSEID versjon av Patreon. Eg anbefaler Ida Aalen og Wilhelm Joys Andersen av dei eg veit om. Dette er dei datafolka eg har mest tillit til – Ida sin kritikk av Smittestopp-appen virkar velfundert, medan Wilhelm har bygd opp Store Norske Leksikon på nett, banken Folio og eiendomssida Propr.

Fordelen med eit norsk «Patreon» er at profitten dei tjener på oss kunstnarar då går tilbake til norsk Kulturråd, i staden for til eit amerikansk firma som garantert klarer seg bra. Vi kan òg lettare implementere norske skattereglar og halde oversikt.

Ulemper er at vi ikkje er kobla på det miljøet som Patreon er, men ved å gjere løysinga god, og opne den for eit internasjonalt publikum og for internasjonale kunstnarar, kan vi skape vårt eige miljø. Blir det BEDRE enn Patreon kan ein sjå for seg Kulturrådet TJENER på internasjonale kunstnarar som brukar denne norske plattformen. I så fall bør dette overskuddet gå tilbake i systemet.

En andre måten å forbetre situasjonen på er universell, vilkårsfri grunnintekt til alle. Dette er ikkje berre ei restrukturering av kulturrådets støtteordninger, men ei restrukturering av samfunnet.

Med ei slik løysing ville eit norskeid «Patreon» fortsatt gi meining å ha, men både kunstnarane og støttespelarane ville ha det tryggare frå starten av, overskuddet til å støtte sin favorittkunstnar på Patreon/»Patreon» ville øke (dei fleste av mine patrons er IKKJE rikingar, berre veldig smarte og vakre).

Mange fryktar at folk skal miste meininga i livet, bli psykologisk lamma, om vi innfører grunninntekt. Men det er sjeldan ein høyrer «om vi gir treårig arbeidsstipend til Knausgård kjem han til å slutte å jobbe». For meg har Patreon funka litt som ei grunninntekt, den tek brodden av den månadlege uroa, tek vekk stress, gir meg meir energi til å tenke kreativt. Denne enorme roa er målt i forskinga på borgarløn også, som ein av dei store, store gevinstane. Sjekk Scott Santens på Twitter og podcasten Yang Speaks for meir om det.
Men det er sikkert mange detaljar å tenke på før ein køyrer borgarlønn til alle.

Så eg skal FORELØPIG akseptere at vi berre lagar eit norsk, skatteregelfølgande og kulturrådsfinansiert/-finansierande «patreon».

Foreløpig.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.