Ei dialoglaus samling forteljingar om eit kunstgalleri sitt møte med to knall rosa menn utstyrt med svak impulskontroll og overveldande kunstinteresse.

Vandenbrouckes White Cube er ein fargesterk, måla teikneserie som utan dialog eller forteljarstemme greier å drøfte og underhalde med kunsthistorisk slapstick og kritikk. Den omliggande historia i White Cube byrjar med at to rosa menn, som elles også ser temmeleg like ut, flyttar seg frå natur til kultur. Frå tre og grusveg, via asfalt til galleriet White Cubes rektangulære betong og glas. Her følgjer dei opprømt skiltinga inn til den moderne kunsten. Og heretter går det berre oppover. Dei to ommøblerer, omtolkar, handlar, kritiserer og skaper kunst. Det er smart, det ser nydeleg ut, og det er til tider hysterisk morosamt.

Dei to let seg røre og inspirere av impresjonistane til å pikselere pinup-posteren dei har på veggen. Gjennom pikslane i hudtonar oppnår dei den same tårevåte sinnstilstanden som dei synlege penselstrøka i Seurats gras gav dei. Ei liknande behandling får Munchs Skrik, som vert vridd til å uttrykke den moderne angsten over å ikkje takle kravet om å vere tilgjengeleg, og sisyfosarbeidet i å prøve å halde innboksen ryddig.

Vandenbroucke er ein av to OCX-aktuelle belgiararar i 2014. Som Brecht Evens, og Olivier Schrauwen, som gjesta festivalen i 2009, jobbar også Vandenbroucke meir med måling enn med teikning. Han målar ut forteljinga si med sterke, solide fargar og flater, og layouten er stram. Dette gir ei veldig fin innramming i ein teikneserie som ikkje tar skiljet mellom ulike fiksjonsnivå spesielt alvorleg:

Likskapen med Stomperuds kompis, nr. 87, er mest truleg heilt tilfeldig.
Likskapen med Stomperuds kompis, nr. 87, er mest truleg heilt tilfeldig.

På same måte som ein ikkje må ha lest alt av Marvel for å kunne sette pris på filmversjonane eller dei nyare superheltseriane deira, er det fullt mogleg å ha ei fornøyeleg oppleving med White Cube utan å kjenne alle kunstverka den refererer til. Ei generell kunstinteresse kjem likevel godt med, og det gjer også ein sunn mangel på respekt for kunstverket som statisk og avslutta eining. I norsk (teikneserie)samanheng er det mest naturleg å trekke linjer til Dongery, og særleg til Bendik Kaltenborn. Han representerer ein liknande finslepen stil, og den same gleda over det overskridande og meiningsfrie.

Eit positivt blikk på Sjølvet. Og den Andre. Eller noko.
Eit positivt blikk på Sjølvet. Og den Andre. Eller noko.

«White Cube» peikar mot omgrepet og presentasjonsideologien som vaks fram på 1930-talet. Kvite veggar let modernistane sine sterke fargar stå tydeleg fram. Ein konsistent og rein arkitektur fjerna forstyrrande element, og dei kvite veggane, opplyst av naturleg lys skulle både stenge den støyande omverda ute, men også gi inntrykk av å vere i det fri. Denne dobbeltheita, og koplinga til modernisme, gjer seg som godt bakteppe for dei to kunstelskarane sine ukontrollerte performances.

White Cube krev litt og gir mykje att, og avviser tilsynelatande skiljet mellom Kunst og Teikneserie. Når Vandenbroucke til slutt stiller ein av sine rosa overfor valet mellom Art og Comix, vel figuren å skjere gjennom problematikken og ta ein tredje veg. Det er likevel freistande å vektlegge at kunstnaren Vandenbroucke vel ein svært cartoony trope for å skildre figurens avskjed, og med det plasserer seg nærare den eine enn den andre sida.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.